Finnmark blir Nord-Bengal?
Endeleg har RR ein informant i Calcutta. Lulak Hindibargh melder frå til oss via email frå Bengalens store by. Og denne gongen fortel han at Buddhadeb Bhattacharya, chief-minister of Bengal knyter RR til visjonane sine for delstaten. Hindibargh var i ei årrekke bibliotekaren hans og veit dermed kva han snakkar om. Buddhadeb ser visst med stor glede på at RR er igong med å lese Calcutta. Ifølgje bibliotekaren trur Chiefen til og med at ei komparativ lesing av Kirkenes og Calcutta vil bli revolusjonerande for båe egnane.

Chief-Ministeren kan kome til å gå langt i si tolking av samlesinga av Kirkenes og Kalkutta. Han meiner Finnmark og Kirkenes bør bli rekna som Nord-Bengal om ikkje Oslo let Finnmark og Kirkenes få merksemda landsdelen treng. Rural Readers lover å melde frå om nyheiter i denne spanande saka. Det kan jo bety bety ei revolusjon for Kirkenes. For ein visjon - kor Noreg misser Finnmark. Då blir Kirkenes nordlegaste by i Nord-Bengal. Kanskje ser Bhattacharya for seg at Nord-Bengal og Vest-Bengal saman blir det nye Bengalen.